HUBRO 10 år! Skarbø Skulekorps & Stein Urheim

Arrangementsinformasjon

Dørene opnar 20:00. Konsertstart 20:30.

I 10 år har plateselskapet HUBRO markert seg som den viktigaste leverandøren av nytenkande norsk musikk. Vi feirer bursdagen med to konsertar. Labelsjef Andreas Meland vil vere til stades med ein mangfoldig platebutikk med generøse tilbod.

Stein Urheim gjer først eit solosett, der han han spelar akustisk gitarmusikk frå sitt nye album Simple Pieces & Paper Cut-outs. 

Skarbø Skulekorps debuterte i september, og gjer ein etterlengta konsert i Bergen denne kvelden. Musikk så full av referanser at det ikkje gir meining å prøve å beskrive. Eller som Electronic Sound (UK) skreiv: "Fusion from another dimension or sheer mischief, 'Skarbø Skulekorps' is an unpredictable delight."

Eirik Hegdal: C Melody sax, klarinett / Signe Emmeluth: altsax, elektronikk / Stian Omenås: trompet / Anja Lauvdal: synth, orgel / Øyvind Blomstrøm: pedal steel, gitar / Chris Holm: bass, synth / Øyvind Skarbø: trommer, banjo